Astrid Nyquist og Lars Kristian Dalen

Beitostølen Helsesportsenter i avisa "Valdres"

03.03.2016
Vi har ein auke på 20–25 prosent det siste året. No vurderer vi om vi skal byggje på endå fleire brukarrom, seier direktør Astrid Nyquist ved Beitostølen Helsesportsenter.

BEITOSTØLEN: Det har gått eit år sidan Astrid Nyquist sette seg i direktør stolen. Om trent samstundes kom Lars Kristian Dalen inn som leiar for klinisk verksemd. Avisa Valdres møtte dei to til ein prat om laust og fast. Kor går vegen vidare no for Beitostølen Helsesport senter?

Har fått gode avtalar

– Vi er veldig nøgd med dei løpande avtalane vi har med helseføretaka. Det er slutt på den tida med fire års kontraktar og anbod. Faktisk har vi hatt ein auke på mellom 20–25 prosent. Det er vi veldig godt nøgd med. Om setninga vår ligg på 90 millionar kroner i året og vi får eit fint resultat for 2015, fortel Nyquist.

Lars Kristian Dalen vaks opp med Helsesportsenteret som leikegrind. Etter fleire år ute, er han glad for å vera heime att.

– Valet var enkelt. Når eg fekk tilbod om jobb her, så takka eg kjapt ja. Eg og familien har flytta til Beitostølen og trivst godt, seier han.

Nyquist på si side har vore på Beitostølen lenge. Fyrst som student i 1987 og seinare som tilsett frå 1992. På det viset har ho òg fått med seg arven etter Erling Stordahl.

Stor bedrift i Valdres

– Vi er 112 til sette ved Helsesportsenteret og vi er stolte av den innsatsen dei legg ned. Det er ei kjerne på to tredjedelar som er her fast og så har vi ein tredjedel som sirkulerer litt oftare. Det er sunt for bedrifta. Dessutan er det rundt 250 studen tar som har nokre veker med praksis her kvart år, seier Nyquist.

Per no har dei rundt 800 brukarar innom kvart år og det ut gjer ikkje mindre enn 16.925 pasientdøgn.

– No har vi smekk fullt her og det er lange ventelister. Dei siste dagane har vi hatt 115 personar som gjester, men då har vi brukt alle dei romma vi kan, fortel Dalen.

Styre sak om på bygg

Det er ikkje lenge si dan Beitostølen Helsesportsenter kunne ta i bruk den nye spisesalen og kjøkkenet, samt tolv nye brukarrom. Med veksten i det siste, ser Nyquist at kapasiteten må aukast.

– Vi skal ha ei styrebehandling av det te 11. april om vi skal byggje på meir. I så fall er det snakk om 15 nye brukarrom. Det er ikkje berre pasientane som kjem hit, men of­te har dei med seg familiane sine. Det er eit samspel om kor leis ein skal tak le ei funksjonshemming, seier Nyquist.

I toppen innan fagfeltet

Ridderuka og Ridderrennet har vore med å gjera Beitostølen kjend og snart er det duka for nye flotte dagar.

– Du kan seie at det er på ein måte «julaftan» for dei som kjem hit, medan vi må tenkje heile året med 365 dagar. Brukarane som kjem hit, er her i tre eller fire ve­ker. Då er spørsmålet om kva vi kan lære dei på den tida. Kva er deira behov, sei er Nyquist.

Helsesportsenteret har avtalar med tre av dei fire helseføretaka i Norge. Dei er òg med i «Helse­klyngen Valdres og Land» saman med blant andre Fekjær psykiat­riskesenter i Hedalen.

– Vi har òg nasjonale og inter­nasjonale nettverk. Samstundes er vi vorte attraktive for dei som driv med forsking. Vi har ein som skal ta doktorgrad. Dette er vik­tig, for vi må satse på kvalitet. Vi har sagt at vi skal vera leiande innan fysisk aktivitet og rehabi­litering. Spesielt innanfor feltet born og funksjonshemming. For å få til dette, så kan vi ikkje spare på ressursane. Vi er ei non­profit stifting og har ikkje eigarar som skal ta ut store overskot, fort el Nyquist.

Tenkjer mangfald

Helsesportsenteret ser at born frå mi noritetsgrupper òg kan ha be­hov for deira hjelp.

–Det kan vera flyktningar som kan ha mista ein arm eller ein fot. Dei har mista trua på livet. Då er det godt for dei å koma hit til oss og sjå at det faktisk går an å gjera noko med det likevel. Vårt tilbod skal vera for alle, seier Nyquist.